Denne artikkelen av Ivar Fylling har også
stått på trykk i Adresseavisa:
Oljekrisa - verre enn
klimakrisa!
(12/4-08) "Klimakrise" har vi rundt oss i alle media.
Oljekrisa er det få som skriv om. Men den forsvinn ikkje av den
grunn! I løpet av det siste året har prisen gått frå 60 til
over 105 dollar pr. fat. Trass i dette er produksjonen av råolje
omtrent som i 2005.
Av Ivar Fylling
Uansett pris: Den globale produksjonen av olje
vil avta. Det er geologiske og ikkje klimamessige årsaker til det. Og
enno har Kina og India berre så vidt kome igang med motoriseringa!
Verken pristak eller "substitutt" for oljen og gassen er å sjå. Den
låge dollarkursen og finanskrisa i USA, er økonomiske smertesymptom,
som vi så vidt har sett starten på.
Ein del av tiltaka mot "klimakrisa" vil gjere
vondt verre for energiforsyninga, utan å gi nokon "klimagevinst"
Eit eksempel som vart presentert i media nyleg, var eit privat og
idealistisk motivert kjøp av CO2-kvote, med sertifikat som
garanterte at pengane skulle gå til utbygging av vasskraftverk,
kanskje i Equador.
Det vil ikkje gi mindre CO2 til
atmosfæren. I anleggsfasen, og etterpå, kan gi det betre økonomi i
Equador, slik at dei får råd til å kjøpe litt fleire bilar, og litt
meir olje. Det er bra for mange i Equador, men det gjer ingenting for
klimaet, og lite for oljekrisa. Investering har ein tendens til å
stimulere forbruk.
Verre er den "grøne" energien frå jordbruket, med
omlegging frå matproduksjon til drivstoffproduksjon, særleg i
industrijordbruket. Avisa The Guardian skriv 6.4.: "Global rismangel
har gitt 50 % prisstigning dei siste to vekene. Dette utløyser ei
internasjonal krise, med eksportforbud og streng straff for hamstring
i mange land". Dette vil kome til å medføre matmangel, vassmangel og
svoltkatastrofer, utan at det blir mindre CO2 til
atmosfæren av det heller.
"Naturkraft" har bygt eit gasskraftverk på Kårstø.
Det har vore lite brukt sidan opninga sist på 2007, fordi gassen har
blitt for dyr. Eigarane vil likevel
tene 500 000 kroner pr. dag det
ikkje er i drift - ved salg av den frie CO2-kvoten dei
har fått gratis. Kan det gjerast meir genialt?
Eg trur vi må innstille oss på eit lågare forbruk
av olje og gass på grunn av geologisk ressursbegrensning. Det er
denne krisa som er akutt. Å bruke klimakrisa som trusselbilde kan
vere behageleg, men avsporande.
Det er den globale oljekrisa som vil kome til å
styre både økonomien og energipolitikken dei komande åra. Mange
initiativ og investeringar er både energimessig og klimamessig "på
jordet". Honnør til NRK2 som viste dokumentaren Crude sist helg!
|