Ansvarlig
K
ontakt
Bidrag til debatten

ASPO International
 Australia
 Canada
 
Tyskland
 USA

Beginners Guide
Beyond Peak Oil
Cost of energy
Earth Policy Institute
Energikris.nu
Energy Bulletin

Energy Watch Group
Life After
NPG - Albert Bartlett
ODAC
Oil Crash
Oil Crisis
Oljepris.se
Peak Oil

Peak Oil News
Post Carbon Institute
Post Carbon Living
PowerSwitch

API
Bloomberg energi USA 
Energy EU
IEA
OPEC
USA - offisiell statistikk
WTRG

dn.no energi
Energikrise.no
Kveldssong
Oilinfo
Oljedirektorate
t
 

 Tilbake til forsida

 

Meiningslaus energisløsing

Av Ivar Fylling
Publisert 17. august 2010

 

Olje- og gassrelaterte anlegg, både til havs og på land, bør vere sjølforsynte med energi.  

Vasskraftelektrifisering av slike anlegg vil ikkje bidra ein tøddel til reduksjon av global CO2-produksjon. Ved val av kraftforsyning til slike anlegg kan vi trygt bruke konvensjonelle (energiøkonomiske) kriterier.

Uansett kva ein måtte vite eller meine om global temperatur og CO2, så vil CO2-produksjonen bli den same, uansett om vi brenn gassen på ei plattform, på Aukra, Mongstad eller i London og Amsterdam. Klimabekymringa er fullstendig irrelevant for dette problemkomplekset.

Det er (bør vere!) sjokkerande at mediefolk, politikarar og vasskraftbransjen ikkje gjer noko for å forhindre denne kostbare og unødvendige energitransporten.

Ein meir rasjonell energitransport  er knytt til bruk av norske vassmagasin som bufferlager for vindkraft.

Vasskrafteksport og vindkraftimport i sjøkabel til og frå kontinentet og England vil gi eksportinntekter for norsk vasskraftindustri, sjøl  utan netto krafteksport. Men heller ikkje denne energitransporten kan motiverast med klimabekymring. Eventuell subsidiering av sjøkabel vil kun fungere som tilskott til, og stimulering av krafthandel.