3 tonn CO2
av kvart tonn olje
(21/10-07) Folk flest,
journalistar, til og med ekspertar på filterteknologi som eg snakka
med på Teknoportutstillinga i Trondheim i dag, har ikkje peiling på
kor mykje karbondioksid det er snakk om i
’CO2-rensinga’.
Av Ivar Fylling
Ved brenning av hydrokarbon blir ca.
2 hydrogenatom (vekt 2x1) erstatta av 2 oksygenatom (vekt 2x16), for
kvart karbonatom (vekt 12). Dvs. at vekta
av CO2 i forbrenningsgassen er ca 3 x vekta av hydrokarbonet.
For kvart tonn
olje, eller gass, som vi brenn, lagar vi ca.
3 tonn karbondioksid.
Er det nokon som har presentert pris- og
energirekneskap for visjonen om å deponere CO2, i eit omfang som
monnar – og som trur at det vil bli gjort? (Faktoren kan vere litt
mindre eller større enn 3, men mellom 2 og 4, med reint kol som det ’verste’).
Og så blir det gjort eit stort nummer av å fjerne,
eller ikkje fjerne, 10 % CO2-innhald i naturgassen
før brenning! (Sleipner).
PS Eg skulle gjerne ha sett eit rekneskap for å
gjere karbondeponiet vi har på Svalbard om til eit CO2-deponi. Kor
mykje netto energi kan vi vente å få ut, og kva blir prisen?
|