|

Vil mektige importørar som USA og EU godta
lægre norsk oljeproduksjon? Nei, då ville Noreg
ha brukt olje som våpen og dermed bli ein
terroriststat. I beste fall så ville me ha blitt pålagde harde
sanksjonar for vår "oppførsel", skriv Torjus
Gaaren i dette bidraget til oljekrisa.no.:
Rovdrift etter press frå USA og EU
Som ein ivrig lesar av denne sida er det eit par poeng eg gjerne vil
gjere angåande det om at me bør halde olja i jorda.
Når me oppdaga oljen her i Noreg så verka toppen langt unna og rikdomen
innan rekkevidde. Noreg la seg på ei ærleghetslinje i staden for å
dysse ned all informasjon angåande
oljereservane slik som Saudi Arabia har gjort.
Kimen til dagens rovdrift ligg her. Me skulle ha loge
på reservane også, men i andre retningen
i førehald til Saudi-Arabia. Me
skulle sagt at me har mindre enn det me har for å sleppe å
produsere maksimalt slik som me i dag må.
Men må me produsere maksimalt? Kan me ikkje bare holde oljen i jorda å
produsere med langsommare takt?
Svaret på dette ligg på fleire plan trur
eg. Nasjonalpolitisk så ynskjer me å produsere mindre for å
strekkje oljealderen. Tross alt så kjem olja
til å bli berre meir og meir verdifull etter
kvart som verdens reserver reduserast. Presset ligg i
frå dei store importørane og profittsøkande oljeselskap i andre
rekkje.
Ville mektige importørar som USA og EU ha godtekje å
ikkje få like mykje olje lengre? Nei, då ville
Noreg ha brukt olje som våpen og dermed bli ein
terroriststat. I beste fall så ville me ha blitt pålagde harde
sanksjonar for vår "oppførsel".
Så kor blir våre verdiar av? Det berømte oljefondet er til ein stor grad
bunde opp i utenlandske verdiar, som vil falle i takt med dei økonomiske
problema ein må rekne med etter at det blir for lite olje i verden.
Me kan ikkje pøse dei ut i vårt eige samfunn,
sidan det ville forårsake ein ekstrem inflasjon
og avhengighet av oljen. FRP sitt alternativ er med
andre ord ikkje brukbart.
Men kan me ikkje kjøpe faste verdiar for det, slik som gull og sylv?
Jau, det kan me, men då ville me som ein bi-effekt vere med på å
øydeleggje dei store lånsbaserte valutaene, slik som USD, EURO og NOK,
ved at ein oppfordrar til å bruke desse varene som pengar igjen.
Enorme oppkjøp a la oljefondet ville nemleg ha
sendt prisen på edle metallar til
himmels og skapt eit attraktivt alternativ til våre kjære
papirpengar. Kanskje me kunne ha gjort det, men ville dei andre landa ha
akseptert det heller?
Kvar er så alternativa folkens? Det fins ingen, og det veit
myndighetane. Difor pumpar dei som gale.
PS!
Dessutan har du problemet med at me lever i eit demokrati. Om ein skulle
lyge på oljereservane så kunne ein ikkje vere open til sitt eige
folk heller om desse.
Mvh
Torjus Gaaren
|