|
Kontakt
Bidrag til debatten
På dette nettstedet:
Olje - internasjonalt
Olje - Norge
Gass
Kull
Atomkraft
Tjæresand/oljeskifer
Fornybar
energi
Transport
Samfunn - geopolitikk
Diverse
Lenker:
ASPO
Beginners Guide
Beyond Peak Oil
Community Solution
Cost of energy
Energiekrise
Energikris.nu
Energy Bulletin
Life After
Michael T. Klare
NPG - Albert Bartlett
ODAC
Oil Crash
Oil Crisis
Oil Depletion
Oliekrise.dk
Peak Oil
Peak Oil News
Planet for Life
Post Carbon Institute
PowerSwitch
The Great Rollover
American Petroleum Institute
Bloomberg energi USA
IEA
Oil&Gas Journal
OPEC
USA - offisiell statistikk
WTRG
dn.no - energi
Energikrise.no
Oilinfo
Oljedirektoratet
Oljens tid er over |

Frå Torjus Gaaren har vi fått følgjande innlegg:
Utarminga av skogen
I dag såg me nok ei gong eit eksempel på den
avsindige bio-energi-
hausinga som NRK driv med for tida. Eg vart kraftig provosert av at
etanol produsert av skog vert sett på som berekraftig.
Moderne skogbruk har ikkje noko fornybart over seg. I tillegg til at
flatehogst promoterar monokulturar og verkar øydeleggjande på
økobalansen i skogen, så vert jorda over lengre tid utarma på same måten
som om ein driv jordbruk utan å gjødsle.
Den vesle gjødslinga som hender
i dag skjer ved at baret og annan filleved vert liggjande igjen i
hogstflata og rotne. Og nå har tydlegvis nokre selskap på Austlandet
bestemt seg for å frårøve skogen dette også.
Eg stiller likevel eit aldri så lite spørsmål om korleis dei skal greie
å samle bar i mengder som gjer dette lønsamt. Dersom dette skal gjerast
manuelt må det særdeles låge lønningar til. Eg tvilar sterkt på at til og
med den fattigaste aust-europear er viljug til å arbeide for den løna
som vil bli tilbode for dette arbeidet.
Ein skulle tru at hyttene på Hafjell og kor det nå enn måtte vere,
konsumerer nok trevirke, om ein ikkje skal begynne å lage drivstoff av
det også. Samfunnet vårt er bygd på umetteleg rovdrift, uansett ressurs.
Lat oss inderleg håpe at eit eller anna drastisk skjer snart, slik at
etterkommerane våre slepp å leve i ein verdsomspennande ørken.
Mvh
Torjus Gaaren
http://torjusgaaren.blogspot.com/
http://gaaren.no/
|